Bok og bibliotek – to av dei beste tinga i heile verda
Bok og bibliotek – to av dei beste tinga i heile verda
Arne Olav Hageberg (red.)
Bok & bibliotek er podkasten til tidsskriftet med same namn. Her tek vi opp alt som gjeld bibliotek – demokrati, teknologi, politikk, ideologi, forsking, logistikk, arkitektur og mykje meir.
#54 Bibliotekpanelet med Knut Olav Åmås, Reidun Brinchmann og Mariann Schjeide
Velkomen til utgåve to av Bibliotekpanelet! Denne gongen må panelet ta stilling til desse fire ja/nei-spørsmåla:Er biblioteka den viktigaste ressursen samfunnet allereie har for å kunna løysa lesekrisa?Har dataspel kunstnerisk og kultruell verdi på lik linje med litteratur, film og musikk?Har trykte nisjetidsskrift ei framtid? Er «sensur» eit dekkande samleomgrep for det som skjer når bøker blir utfordra?I panelet sit denne gongen direktør i Stiftinga Fritt Ord Knut Olav Åmås, biblioteksjef i Froland kommune i Agder Reidun Brinchmann og biblioteksjef ved Høgskulen i Volda Mariann Schjeide.Saken som ligg til grunn for spørsmåla les du på ⁠bokogbibliotek.no⁠.Vert og intervjuar er som vanleg redaktør Arne Olav Hageberg. Har du innspel og idear til podkasten? Vi mottek gjerne e-post på ⁠[email protected]⁠.
Oct 2
41 min
#53 Direktør Terje Eid-Hviding om krisa i Biblioteksentralen
I denne episoden møter vi Terje Eid-Hviding, direktør i Biblioteksentralen, til ein open samtale om den pågåande krisa i konsernet. Han fortel mellom anna om det planlagde salet av Bibliotekenes hus og moglege oppseiingar. Programleiar er som vanleg redaktør Arne Olav Hageberg. Intervjuet blei gjort fredag 18. september 2026. Tema i episodenOm å stoppa blødinga, skaffa seg oversikt og stabilisera organisasjonen.Han skildrar korleis dei tilsette har reagert med sjokk, sinne og uvisse, og kvifor det var avgjerande å ta med folk som kjenner drifta.I samtalen kjem vi også inn på den økonomiske situasjonen, garantiane og gjeldssituasjonen og dei pågåande forhandlingane med kreditorane. Vi snakkar om spenninga mellom dei kommersielle forpliktingane til Biblioteksentralen og samfunnsoppdraget med å tena skular og bibliotek og sikra tilgang til læremiddel.Eid-Hviding snakkar òg om kva biblioteket betyr for han personleg og om sitt eige forhold til lesing, litteratur og bibliotekrom.Tidskoder04:05 – Terje Eid-Hviding sitt personlege forhold til bibliotek og litteratur05:22 – Om å stoppa blødinga og få kontroll på situasjonen06:22 – Kvifor erfaringane til dei tilsette måtte forma responsen07:21 – Dei første grepa: kortsiktige tiltak, garantiar og dialog med interessentar10:46 – Forhandlingar med utleigarar, advokatar og leigetakarar, éin etter éin12:09 – ESA-saka og dei uavklarte juridiske spørsmåla13:30 – Omfanget av garantiane og langsiktige leigeforpliktingar16:25 – Kvifor det er naudsynt å selja eigedelar20:17 – Kryssubsidiering, intern produktutvikling og strukturelt press24:22 – Kostnadskutt, nedbemanning og kva dei tilsette fekk veta25:31 – Om samarbeidet med fagforeiningane for å finna løysingar30:27 – Eigarmodellen og det kommunale eigarskapet 35:31 – Balansen mellom kommersiell konkurranse og bibliotekverdiane39:21 – Den faktiske samfunnsverdien: bøker, læremiddel og tilgang43:24 – Biblioteksentralen som del av bibliotekoppdraget
Sep 25
45 min
#52 Kan Sommarles bli betre?
I denne episoden får de høyra opptak av debatten Kan Sommarles bli betre? som vi arrangerte i samarbeid med Periskop på sentralen i Oslo onsdag 27. mai. Utgangspunktet var Oddmund Kårevik sitt innlegg Ta Sommarles til nye høgder! som blei publisert på bokogbibliotek.no og periskop.no i april 2026. Med i panelet var bibliotekarane Oddmund Kårevik og Ragnhild Malfang, leseforskar Tove Stjern Frønes, Bokslukerprisavnsvarleg i Stiftelsen Lese Christian Goveia Jacobsen, forfattar og fagleiar ved Norsk barnebokinstitutt Steffen René Marandon-Sørum, og Silje Eggum, teamleiar ved fylkesbiblioteket i Vestfold, som skapte og driv Sommarles. Arne Olav Hageberg, redaktør i Bok & bibliotek, var ordstyrar. Oddmund Kårevik  fortel først kvifor han skreiv innlegget om Sommarles og om reaksjonar han har fått. Deretter kjem panelet innom juks og gamification, kven Sommarles passar for, leseeffekt og ferdigheitsutvikling, Sommarleseforteljinga, teikneseriar og andre tekstfattige bøker, skjermbruk og digitalt grensesnitt, litterær kvalitet, representasjon og mangfald, og endå litt til.Arrangementet var støtta av Fritt Ord. Periskop.no er eit tverrfagleg, redaktørstyrt nettidsskrift for journalistikk om og kritikk av kultur retta mot born og unge. Sidan lanseringa i 2013 har Periskop hatt som mål å løfta kvaliteten i kunsttilbod for dei under 25, styrka den offentlege samtalen om barnekultur i Norge og vera ei urokråke i si undring over kvalitet og relevans i barnekulturen. Plattformen held seg til redaktør- og Vær Varsom-plakaten, blir støtta av Norsk kulturråd, Fritt ord og Norsk filminstitutt og er medlem i Norsk tidsskriftforening. Bok & bibliotek det einaste redaktørstyrte og uavhengige mediet i landet som spesifikt dekker bibliotekfeltet – folkebibliotek, fagbibliotek, skulebibliotek, fylkesbibliotek og spesialbibliotek. Frå og med 2026 er det også det einaste bibliotektidsskriftet som kjem ut både på papir og i digitale format. Tidsskriftet er medlem i Fagpressen og Norsk tidsskriftforening. 
May 29
1 hr 22 min
#51 Sam Helmic frå ALA: – Sensur er ein hammar på jakt etter ein spiker
Sam Helmick, president i American Library Association (ALA), var hovudtalar under Bibliotekmøtet 2026 i Molde. I denne episoden får du høgdepunkt frå foredraget hen heldt der 18. mars og eit intervju gjort av Arne Olav Hageberg og Ellen Irene Berg Larsen same dag.Sam Helmick kom fleire gongar attende til formuleringa om at sensur er ein hammar på jakt etter ein spiker, og gjorde det klart at bokforbod og innskrenking av bibliotektilgang ikkje er eit isolert amerikansk fenomen, men at vi no opplever ei felles demokratisk skjebnestund.Bibliotek er ikkje nøytrale arenaar, understreka Helmick. Dei er intentional spaces – rom bygde med formål: for å skapa tilgang, tillit og samhald.Helmick peikar òg på dei strukturelle kreftene bak presset mot biblioteka. Når leiaren for OpenAI Sam Altman hevdar at kunnskap vil bli ei vare folk må betala for, står bibliotekarar bokstavleg tala i vegen for han. Finansiering er difor ikkje berre eit driftsspørsmål – det er eit spørsmål om intellektuell fridom.Til norske bibliotekfolk har Helmick ei klar helsing: «De gjer jobben som USA skulle gjort for ti år sidan» – å gjera folk merksame på kva som skjer.Og oppgåva er ikkje berre å skildra farvatna. Vi må bygga flåten – gjennom eigne historier, gjennom å engasjera lånarane, og gjennom å hugsa kvifor vi driv med bibliotek, seier Helmick. Boktips frå Sam Helmick:Timothy Snyder: Om tyranni – 20 ting vi kan lære av det 20. århundretElizabeth Gaskell: North and South
Apr 8
57 min
#50 Bibliotekpanelet om Mette-Marit, Lydbøker, NBT og hovudet til Magnus Lagabøter
Bok & bibliotek knabbar skamlaust frå NRK og lagar vårt eige «fredagspanel» – velkomen til Bibliotekpanelet!I denne første utgåva består panelet av:Monica Isobel Glenna, bibliotekar, litteraturvitar og biblioteksjef på 70,99 grader nord, ved folkebiblioteket i Måsøy kommune. Mariann Schjeide, bibliotekar med lang erfaring som biblioteksjef i folkebibliotek, først i to små, så i Ålesund. Deretter var ho leiar i Norsk bibliotekforening i seks år frå 2014 til 2020. I dag er ho biblioteksjef ved Høgskulen i Volda og sit i den internasjonale bibliotekføderasjonen IFLA sin ytringsfridomskomite FAIFE.Den tredje i panelet er Magne Lerø, eigar og dagleg leiar av Medier og Ledelse AS som mellom anna gir ut Dagens Perspektiv og Samtiden. Der er han også ansvarleg redaktør. Han har utdanning i teologi og Master of Management og er ei kjent og aktiv stemme i samfunnsdebatten. Spørsmåla panelet må ta stilling til denne gongen er:·      Skal Mette-Marit få halda fram som høg beskyttar?·      Bør biblioteka bli ved sin ikkje-kommersielle leist?·      Bør lydbøker kjøpast inn som kulturfondeksemplar? ·      Er det fare for amerikanske tilstandar i norske bibliotek? Sakene som ligg til grunn for desse spørsmåla les du på bokogbibliotek.no. På tampen måtte vi bare ta ein prat om dette med at Aslak Sira Myhre fekk eit steinhovud av Magnus Lagabøter til ein verdi av 400 000 kroner då han slutta ved Nasjonalbiblioteket, noko dei fleste andre media har skrive om. Vert og intervjuar er som vanleg redaktør Arne Olav Hageberg. Har du innspel og idear til podkasten? Vi mottek gjerne e-post på [email protected].
Mar 6
56 min
#49 Knut Storberget og Karianne Aam om biblioteka sine roller i krisetider
2026 er totalforsvarsåret. Treng du gode argument for kvifor biblioteka er avgjerande i dette arbeidet? Treng du inspirasjon til arrangement og tiltak på ditt eige bibliotek? Då er du komen til rett podkastepisode. Her får du eit opptak av ein samtale mellom Knut Storberget og Karianne Aam frå Litteraturscena til Hamar bibliotek. Arrangementet gjekk føre seg torsdag 27. november 2025 med Bok & bibliotek-redaktør Arne Olav Hageberg som moderator, og tittelen var Bibliotekets rolle i krisetider.Karianne Aam er nestleiar i Norsk bibliotekforening og seksjonsleiar ved Fylkesbiblioteket i Akershus, Buskerud og Østfold.Knut Storberget er jurist, statsforvaltar i Innlandet og tidlegare justisministeren (Ap). Han leidde òg Forsvarskommisjonen som i 2023 leverte rapporten som ligg til grunn for mykje av den enorme auken i forsvarsutgifter vi ser for tida. Men som de får høyra i denne episoden er Storberget også ein ambassadør for biblioteka sin spesielt viktige plass i totalforsvaret. Og mot slutten av episoden får du eit både rørande og tankevekkande historie som Hamar sin eigen folkebiblioteksjef Per Olav Sanner delte då det blei opna for kommentarar frå salen.
Mar 6
1 hr 1 min
#48 Møt vinnarane av Årets bibliotek 2025, Skjåk folkebibliotek
Den gjevaste av norske bibliotekprisar blei delt ut torsdag 15. januar, og Årets bibliotek 2025 blei Skjåk folkebibliotek i Innlandet fylke.  Er humøret litt så som så? Unn deg sjølv å høyra vinnarintervjuet med den sprudlande gjengen ved Skjåk folkebibliotek! Dei fortel entusiastisk om originale aktivitetar, spanande samarbeid og to suksessfaktor som peikar seg ut!Dei glade vinnarane er bibliotekleiar Sigrun Eide, fulltidstilsette Ida Marie Banken, ekstrahjelp Laila Rusten, kultursjef Marianne Stensgård og kommunedirektør Ivar Bø, som alle var til stades på Deichman Grünerløkka under utdelinga.Men først i episoden låner vi øyra til juryleiar og leiar i Norsk bibliotekforening Helene Voldner sine opningsord som gir skikkeleg bibliotekjording. Om du ikkje forstår ordet no, skjønar du det når du har lytta!  Dei andre nominerte til prisen i år, var Deichman Stovner i Oslo, Måsøy folkebibliotek i Finnmark, Narvik bibliotek i  Nordland og skulebiblioteket ved Skeiane ungdomsskule i Sandnes, Rogaland.  Prisen blei delt ut av Sunniva Holmås Eidsvoll, stortingsrepresentant og leiar for SV i Oslo. Med seg i juryen hadde ho dagleg leiar i Tekstallmenningen Inga Moen Danielsen, redaktør og dagleg leiar i Pelikanen forlag Eirik Bø, fjorårets vinnar Melita Båfjord frå Tjeldsund folkebibliotek og leiar Helene Voldner i Norsk bibliotekforening.
Jan 16
30 min
#47 Avgangsintervjuet med Aslak Sira Myhre
Etter 11 år i Bibliotek-Norge sin mektigaste posisjon går Aslak Sira Myhre no av som nasjonalbibliotekar. Bok & bibliotek-redaktør Arne Olav Hageberg har møtt han til ein oppsummerande samtale om digitalisering, statistikk, kommuneøkonomi, digitale utlån, NB si rolle i forvaltinga, forholdet mellom litteraturhusa og biblioteka, leiarmangel, Fosseforedraget og meir til. Mot slutten deler han også tre boktilrådingar. Delar av samtalen er gjeven att i papirutgåve 4-25 av Bok & bibliotek som kom ut 2. desember.
Dec 4, 2025
55 min
#46 Den store litteraturpolitiske debatten – i samarbeid med Prosa
Prosa – Tidsskrift for sakprosa inviterte til litteraturpolitisk debatt i Oslo 17. juni i år. Høvet var lanseringa av utgåve 2-25 med stortingsvalet som tema. I starten av episoden gjestar redaktør en i prosa Roman Linneberg Eliassen Bok & bibliotek-studioet for å fortelja om rammene for debatten. Deretter kan du høyra denne gjengen debattera på scena til Fritt ord i Uranienborgveien 2 i Oslo:Marte Blikstad-Balas, styreleiar i NFFOTrude Storheim, statssekretær i Kultur- og likestillingsdepartementet, ArbeiderpartietSilje Hjemdal, kulturpolitisk talsperson, FremskrittspartietKathy Lie, kulturpolitisk talsperson, SVArve Juritzen, bystyrerepresentant i Oslo for HøyreGrunde Almeland, kulturpolitisk talsperson, VenstreArne Olav Hageberg, redaktør i Bok & Bibliotek (ordstyrar)Kvar vil politikarane gjera for at folk skal lesa meir? Kva meiner dei om om innkjøpsordninger, momsfritak for bøker, biblioteka si rolle og trykte læremidlar? Dette er berre nokre av spørsmåla som blir forsøkt besvart. Klikk her for å lesa Prosa sin partiguide for litteraturfeltet – med både skjematisk og meir inngåande presentasjon av partia sine standpunkt.
Aug 8, 2025
1 hr 3 min
#45 Avsløring av kjeldekritikkproblem gav skulebibliotekaren Holbergpris – med Anne Brit Ingholm og Pål Steiner
Lærarar meiner dei underviser godt om kjeldekritikk. Elevane meiner dei aldri har lært det, verken på barneskulen, ungdomsskulen eller i vidaregåande. Det er den tabloide versjonen av innhaldet i denne episoden. Anne Brit Ingholm kan meir enn å lobbyera for skulebibliotek. Då lærarar ved Mailand vidaregåande skule, der ho er bibliotekar, meldte elevane på til «Holbergprisen i skolen», nytta ho høvet til å skriva ein rapport som fekk tittelen «Jeg tror lærerne bryr seg om hvilke kilder vi bruker, men de pleier ikke å si noe om det». For denne vann ho Holbergprisen sin lærarpris – som første skulebibliotekar nokon sinne.  Under VIRAK-konferansen 4. til 5. juni presenterte ho innhaldet i rapporten. Den handlar om korleis avgangselevar i den vidaregåande skulen oppfattar opplæringa i kjeldekritikk og kjeldeføring. Som nemnt var resultata ganske urovekkande. Etter det engasjerande foredraget fekk Bok & bibliotek sitta ned saman med Ingholm og ein av tilhøyrarane, Pål Steiner. Han er førstebibliotekar ved Universitetsbiblioteket i Bergen og med i ei forskingsgruppe som med utgangspunkt i Ingholm si undersøking spurte lærarar kva dei meinte om si eiga undervising i kjeldekritikk. Denne episoden er ein miks av utdrag frå Ingholm sitt foredrag og samtalen etterpå. Noko av det vi kjem inn på, er korleis betalingsmurar kan vera eit demokratisk problem, behovet for eit mykje tettare samarbeid mellom skulebiblioteka og universitets- og høgskulesektoren, utfordringa med at rektorar ikkje veit korleis dei kan bruka skulebibliotekarane, og gode skulebibliotek – med skulebibliotekarar – som det viktigaste bidraget til å løysa problemet med at nye borgarar veks opp utan å kunna kjeldekritikk. Undervegs i samtalen siterer intervjuaren forsking om korleis digitaliseringa påverkar forskarar sitt kjeldetilfang. Artikkelen det er snakk om blei publisert i Science i 2008 og er skriven av sosiologen James A. Evans. «Electronic publication and the narrowing of science and scholarship» er tittelen, og den handlar om korleis nettbaserte tidsskrift gjer det lettare å finna og dela informasjon, og er enkle å søka i. Men sidan forskarar ofte søker målretta og klikkar seg rundt via lenker i staden for å bla, kan det endra korleis dei brukar forsking. Evans analyserte bruken av 34 millionar artiklar og fann at etter kvart som fleire tidsskrift kom på nett, blei det vanleg å sitera nyare artiklar frå færre kjelder. Før, då forskarar måtte på biblioteket og bla i papirutgåver, las dei breiare og kanskje djupare. No går det fortare, men forskarar endar oftare opp med å lesa og sitera det same som alle andre – ikkje så ulikt ein innleveringspressa elev i vidaregåande skule, med andre ord. Dette er den tredje episoden med innhald frå VIRAK 2025, og det blir ikkje den siste. 
Jul 30, 2025
30 min
Load more