Bok og bibliotek – to av dei beste tinga i heile verda
Bok og bibliotek – to av dei beste tinga i heile verda
Arne Olav Hageberg (red.)
#51 Sam Helmic frå ALA: – Sensur er ein hammar på jakt etter ein spiker
57 minutes Posted Apr 8, 2026 at 10:50 am.
0:00
57:24
Download MP3
Show notes

Sam Helmick, president i American Library Association (ALA), var hovudtalar under Bibliotekmøtet 2026 i Molde. I denne episoden får du høgdepunkt frå foredraget hen heldt der 18. mars og eit intervju gjort av Arne Olav Hageberg og Ellen Irene Berg Larsen same dag.

Sam Helmick kom fleire gongar attende til formuleringa om at sensur er ein hammar på jakt etter ein spiker, og gjorde det klart at bokforbod og innskrenking av bibliotektilgang ikkje er eit isolert amerikansk fenomen, men at vi no opplever ei felles demokratisk skjebnestund.

Bibliotek er ikkje nøytrale arenaar, understreka Helmick. Dei er intentional spaces – rom bygde med formål: for å skapa tilgang, tillit og samhald.

Helmick peikar òg på dei strukturelle kreftene bak presset mot biblioteka. Når leiaren for OpenAI Sam Altman hevdar at kunnskap vil bli ei vare folk må betala for, står bibliotekarar bokstavleg tala i vegen for han. Finansiering er difor ikkje berre eit driftsspørsmål – det er eit spørsmål om intellektuell fridom.

Til norske bibliotekfolk har Helmick ei klar helsing: «De gjer jobben som USA skulle gjort for ti år sidan» – å gjera folk merksame på kva som skjer.

Og oppgåva er ikkje berre å skildra farvatna. Vi må bygga flåten – gjennom eigne historier, gjennom å engasjera lånarane, og gjennom å hugsa kvifor vi driv med bibliotek, seier Helmick.

Boktips frå Sam Helmick: