SunnhordlandPodden
SunnhordlandPodden
Kjetil Fyllingen
Målet mitt er at podkasten skal bidra til ein framsnakkinskultur, bulyst og auka kjennskap til alt det spennande som skjer i Sunnhordland. Du som lyttar vil bli betre kjent med dei som står på som Gründere, i Næringsliv, Idrett, Frivillig arbeid og Kulturliv. Podkasten blir produsert av Kjetil Fyllingen. Har du innspel til kven me skal intervjua på SunnhordlandPodden? Då er det berre å ta kontakt - [email protected] Bli en betalende abonnent: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhor
Torstein Hatlevik - Om Haaheim Gaard og korleis ein lukkast innan reiseliv i Sunnhordland
Torstein Hatlevik fortel om historia til Haaheim Gaard og korleis han har bygd stein på stein for å utvikle denne destinasjonen i Sunnhordland. Han deler sine beste tips og strategiar for å lukkast i reiselivet. Sjekk ut: https://www.haaheimgaard.no Sponsor: Tysnes gjev meirsmak - ⁠https://www.visittysnes.no⁠ Tysnes gjev meirsmak er eit selskap som jobbar med å synleggjera alt det unike Tysnes har å by på. Dei viser deg kor du får dei beste matopplevingane, kva fjelltoppar som gjev den finaste utsikta og kva attraksjonar du berre må få med deg. Ja, kort sagt alt som gjer at denne øykommunen gjev meirsmak for ferierande.  Følger du dei på Facebook og Instagram får du servert fleire gode tips gjennom veka, og på nettsida ⁠visittysnes.no⁠ finn du blant anna ein kalender med oversikt over kva som skjer. Kanskje lurer du på kor det er fint å bada, kva butikkar som finst på øya eller kva overnattingstilbod ein har å velja mellom? Tysnes gjev meirsmak viser veg.  --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message
Jun 24, 2024
30 min
Øystein Vaage – om Tysnesfest, festivalvêr, kulturkontoret og spraytan
Det har vore nokre tøffe år for Tysnesfest, men no er det igjen klart for festival den 11.-14. juli. I denne episoden får du høyre litt om kva som står på programmet, vegen dei har gått dei siste åra, og du blir litt betre kjend med han som er dagleg leiar for Tysnesfest – Øystein Vaage. Sjekk ut: https://tysnesfest.no Sponsor: Tysnes gjev meirsmak - https://www.visittysnes.no Tysnes gjev meirsmak er eit selskap som jobbar med å synleggjera alt det unike Tysnes har å by på. Dei viser deg kor du får dei beste matopplevingane, kva fjelltoppar som gjev den finaste utsikta og kva attraksjonar du berre må få med deg. Ja, kort sagt alt som gjer at denne øykommunen gjev meirsmak for ferierande.  Følger du dei på Facebook og Instagram får du servert fleire gode tips gjennom veka, og på nettsida visittysnes.no finn du blant anna ein kalender med oversikt over kva som skjer. Kanskje lurer du på kor det er fint å bada, kva butikkar som finst på øya eller kva overnattingstilbod ein har å velja mellom? Tysnes gjev meirsmak viser veg.  --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message
Jun 20, 2024
43 min
Anne Britt Ottesen - om Velværetunet, Gründerskap
I over 20 år har Anne Britt Ottesen gitt kvinner og menn eit etterlengta friminutt i kvardagen på Velværetunet. Ho er ekspert på hud og makeup og har undervist om helse og kosthald. Ja, ho er rett og slett godt over snittet interessert i kva som påverkar huda og helsa vår. I denne episoden får du høyre om den dramatiske hendinga som førte til at Anne Britt tok steget og starta for seg sjølv. Du får gode tips om ting ho har lært etter over 20 år som gründer, og du får nyttige tankar om korleis vi best kan ta vare på huda vår. Pluss mykje meir! NB: Velværetunet har to kundekveldar i året. Der tar ein opp aktuelle tema som til dømes kvinnehelse. Sjekk ut: https://www.velveretunet.no Sponsor: SpareBank 1 SR-Bank ForretningsPartner Din lokale rekneskapsførar finn du sjølvsagt hos SpareBank 1 SR-Bank ForretningsPartner. Med engasjement for lokale bedrifter, landbruk, næringsliv og samfunn har du kjent dei som Tveit Rekneskap. Og det engasjementet forsvinn aldri. Det lever vidare, berre i ny drakt. Som SpareBank 1 SR-Bank ForretningsPartner skal dei hjelpe lokale bedrifter med å lukkast. SpareBank 1 SR-Bank ForretningsPartner er der du er. Dei har kontor på Bømlo, Fitjar, Husnes, Rosendal og Heiane på Stord. --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message
Jun 17, 2024
1 hr 21 min
Hans-Petter og Tuva Almås – om å følgje draumen til Skotten Seter - Bed & Husky
Kva er det som får ein familie til å flytte frå Sunnhordland til Ringebu (sjølv om heimen alltid vil vere Almås på Stord)? Korleis er livet med sånn ca. 12 hundar? Kva kan du oppleve på Skotten Seter - Bed & Husky? Dette og mykje meir får du eit innblikk i om du lyttar til denne episoden med Hans-Petter og Tuva Almås. Har du vurdert å følgje draumen? Lytt og bli inspirert! Sponsor: B3 Helse - https://www.b3helse.no Hos B3 Helse på Heiane kan du få hjelp av fysioterapeut dersom du treng opptrening etter skade, slit med smerter eller har kvinnehelserelaterte plager. Muskelterapeuten kan hjelpe deg om du har stive, ømme muskler eller berre treng ei avslappande massasje eller gode hudprodukt. Treng du verktøy til å takle stress i kvardag eller jobb, eller støtte til å sortera for å finna den gode balansen i livet, bør du kontakte vår dyktige coach. B3 Helse - vi er her for å bidra til at du får betre helse. Besøk www.b3helse.no eller våre Facebook- eller Instagram-sider for meir info. --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message
Jun 10, 2024
51 min
Sigbjørn Framnes – om Lokalpolitikk, Kritikk og Politikarforakt
Ordførar Sigbjørn Framnes fortel om korleis livet har vore i lokalpolitikken på Stord den siste tida. Han svarar på spørsmål som lyttarar har sendt inn om saka om skulestrukturen på Stord. Seminaret med KS-konsulent Håvard Moe som blir omtalt i episoden ser du her: ⁠https://www.youtube.com/watch?v=dIuaRU-5zxs⁠ --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message
Jun 6, 2024
44 min
Håkon den gode kongen - Bjørn Haaland og Christer Stewart Aarbø
Den 30.–31. august blir det framført eit heilt nytt teaterstykke i Moahagen på Fitjar.  Stykket har fått namnet "Håkon den gode kongen" og det er med både profesjonelle og lokale amatørskodespelarar.  - Vi har allereie bestilt godt ver, og vi har vald ein spelplass som vi veit kan vere lun og god sjølv om det kan vere litt vind. Dette blir ei strålande oppleving uansett ver, seier Bjørn Haaland til Sunnhordlandpodden. Stykket vil fenge både Fitjarbuen og tilreisande, garanterer Haaland.  Christer Stewart Aarbø har vore med å skrive manus, og han fortel i podkasten om ein grundig prosess der han har dykka langt ned i alt som finst av kjelder til historia om Håkon den gode. Både kjende verk som Snorre, men og mindre kjende skrifter som Gesta Danorum, skrive av Saxo Grammaticus, ein dansk historikar.  - Dette er ei unik moglegheit til å oppleve historia, med spennande forteljingar om Håkon den Gode, slaget på Fitjar og hans viktige bidrag til kristninga og lovgjevinga i Noreg.  Sponsor: Fitjar Kraftlag - https://www.fitjar-kraftlag.no Fitjar Kraftlag – din lokale leverandør av straum, breiband og elbilladar. Fitjar Kraftlag bidrar også til verdiskaping i lokalsamfunnet gjennom sponsormidlar til ulike lag, forerningar og arrangement i Fitjar.   --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message
Jun 3, 2024
53 min
Få mest ut av bustadsalet: Tips frå eigedomsmeklar Elisabeth Nonås Fylkesnes
I denne episoden av Sunnhordlandpodden har me besøk av eigedomsmeklar Elisabeth Nonås Fylkesnes. Me dykker ned i bustadmarknaden i Sunnhordland, deler nyttige tips for deg som skal selje eller kjøpe bustad, og gjev råd om korleis du vel den rette eigedomsmeklaren. Ver med og lær korleis du kan få mest ut av bustadhandelen din! 🏡✨  Sponsor: Byrået - https://www.byraet.no Med røter tilbake til 1986 er Byrået spesialistar innan design og profilering.   I tillegg til idé og konseptutvikling produserer og leverer Byrået: Grafisk design Skilt og dekor Bildekor Print i store og små format Gravering Profilartiklar og gåveartiklar Trykksaker Universell utforming og taktilmerking Nettstader Messe og utstillingsmateriell   Med mål om alltid lage gode og brukarvennlege løysingar, som gjev verdi for kundar, har Byrået gjennom åra bygd opp eit godt renomé og hjelpt mange med prosjekta deira.   Byrået legg vekt på kreativitet, kompetanse og kvalitet og er kjende for å levera som avtalt. Stor takk til Byrået, som ville være sponsor for denne episoden.  --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message
May 27, 2024
58 min
Solveig Meyer Eide - om Nisjebutikkar, Nedlegging og Nye Vegar
Solveig Meyer Eide fortel om avgjerda om å legge ned butikken Vevnad. Du får historia om korleis dei fire siste åra har vore, om oppturar og nedturar. Høyr om garnglede, formidling av handverk, lokalt vevmiljø, nisjenettverket, fargar, kreativ boltring, Makalaus Ull, og gode møte med fantastiske menneske, og om kva Solveig no skal finne på. --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message
May 22, 2024
30 min
Kjell Fylkesnes – Skredfare, Gründerliv, Bypass, Bil og Båt
Kjell Fylkesnes kunne ha tatt livet med ro og kost seg med flotte bilar og lange båtturar. Men han har sett i gang med eit spanande nytt gründerprosjekt. I denne episoden får du høyre om historia til Kjell, om Fylkesnes Bil, skredfare og kvifor han starta opp selskapet Bypass og jakta på ei framtidsretta løysing for skredsikring. Sjekk ut: https://www.bypass.no Vil din bedrift bli sponsor for Sunnhordlandpodden? Ta kontakt - [email protected] --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message
May 20, 2024
46 min
Silvia Karlsen og Anne Grethe Skorpen Dahl – om Skag Profilera, Design, Gründerliv og Fusjon
Silvia Karlsen og Anne Grethe Skorpen Dahl har ein lidenskap for design og profilering som er over gjennomsnittet. Sidan 2016 har dei vore på ein spennande reise som gründerar, og hausten 2022 slo dei seg saman med Profilera og skapte design- og profileringsbyrået Skag Profilera. I denne episoden får du bli betre kjent med Silvia og Anne Grethe, og du vil høyra om både oppturar og nedturar i gründerlivet deira. Sjekk ut: https://www.skagprofilera.no Sponsor: Stord Hotell - https://stord-hotell.no Har du prøvd Sushi frå Stord Hotell? På Stord Hotell får du servert ferske råvarer av høg kvalitet. Kokken Aleksei har drive med sushi lenge og veit nøyaktig korleis han vil ha det – det handlar om gode råvarer, rett førebuing og presentasjon. Med lidenskap for faget ønskjer han å by på dei beste sushismakane for lokale og tilreisande gjestar. Du kan ta med heim, eller nyte i Brasserie 59°. Stor takk til Stord Hotell for at de ville sponse denne episoden. --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message
May 13, 2024
54 min
Load more