
Aina Basso og Kari Anne Bye snakkar om novellesamlinga «Eg rissa desse runene», der kvar novelle har ei historisk runeinnskrift som førelegg. Innskriftene stammar frå 1100-1200-talet og varierer mellom enkle beskjedar, merkelappar og kjærleikserklæringar til nidskrifter og magiske formular. Aina Basso pustar liv i menneska og mellomaldersamfunnet, ei tid som er ganske ulik vår eiga, men der sorgene og gledene til menneska vi møter, likevel minner om våre.
Sep 14, 2023
38 min

Sigrid Agnethe Hansen og Olaug Nilssen snakkar om ungdomsromanen «Du veit ingenting» – eit sterkt portrett av eit nært, men vanskeleg søskenforhold.
Sep 8, 2023
33 min

I denne episoden intervjuar Kristin Fridtun Bjørn Hatterud om boka «Blokka på Bjerke».
I tretten år har Bjørn Hatterud budd i ei blokk i Groruddalen i Oslo. I 1961 flytta 48 heldige familiar inn i dei tolv etasjane. Då Bjørn flytta inn, var mange av bebuarane gamle. Bjørn vart nær venn med fleire av naboane, som krigsseglaren Bjarne, som budde vegg i vegg med Bjørn, og Ester i første etasje, som ein gong var ei fattigjente på Langøyene.
På tretten år har Bjerke gått frå å vere eit slite nabolag til eit populært buområde. På same tida har Bjørn gått frå uføretrygd og eit botnpunkt i livet, til karriere med verv, prisar og nye moglegheiter. Hatterud skal no flytte frå Bjerke og ser tilbake på åra i blokka og folka han har møtt.
«Blokka på Bjerke» er ei gripande forteljing om Hatterud, livet i dei tolv etasjane, sorger og gleder, nære vennskap og endringane som har skjedd med både området, blokka og Hatterud sjølv.
Jun 2, 2023
30 min

Forfattaren frå Fitjar på Stord har skrive om lag 45 bøker i si lange skrivekarriere. I denne episoden snakkar han med redaktør Maren Ingeborg Hvamstad om den nyaste av dei: den vakre barndomsskildringa «Litle meg».
Heine Bakke blir fødd 3. januar 1939 og veks opp i den vesle bygda Hadlo på Vestlandet. Barndomen hans blir prega av både krig og fred, vonde og gode erfaringar, men det er likevel dei store og små sansingane i kvardagen som gjer størst inntrykk på Heine. Gjennom eit ope og undrande barneblikk teiknar Bjørlykke eit nært og poetisk portrett av ein gut, ein familie og ei vestlandsbygd og gir eit annleis og levande bilete av norsk historie frå 1940- og -50-åra.
May 4, 2023
30 min

Anne Dorte Lunås intervjuar tre av Samlagets bokaktuelle poetar, Kaisa Aglen, Ellen Løvhaug Harrison og Martin Ingebrigtsen. Alle tre har skrive bøker som behandlar tema frå deira eige liv. Korleis fungerer denne vekselvirkinga i skriveprosessen? Korleis gjer man om sitt eige liv til poesi? Denne spesialepisoden av Samlagets podkastserie blei spelt inn framfor publikum på Litteraturhuset i Trondheim.
May 3, 2023
1 hr 39 min

Om psykiatri, krig og kjærleik. Debutant Therese Bakkevoll diskuterer romanen «Tallboy» med redaktør David Aasen.
Mar 7, 2023
32 min

Peter F. Strassegger diskuterer sin nye ungdomsroman «Kvil i fred» med redaktør Brynjulf Jung Tjønn.
Feb 24, 2023
29 min

Den prisvinnande svenske forfattaren Susanna Alakoski snakkar om starten på storverket «Bomullskvartetten» – arbeidarromanen «Bomullsengelen» – med Samlagets Katerina Futsæter Vik.
Feb 23, 2023
29 min

Forfattarane Lina Liman og Olaug Nilssen i samtale med Eivor Andersen Oftestad under Sakprosafestivalen 2022
Dec 16, 2022
42 min

Juleroser: Herborg Kråkevik med Nina Lykke
Nov 18, 2022
21 min
Load more
