Så mye mer
Så mye mer
Studentradioen i Bergen
Så mye mer er ein podkast laga på MO-Wergeland, ein lågterskelteneste for mennesker som har hatt eller har problematisk rusbruk. I fleir år har brukarane på MO-Wergeland ønskja å lage podkast, og endelig i 2021 vart første episode gitt ut. Podkasten blir produsert av brukarane sjølv, og vil kontinuerlig utviklast saman med kunnskapen som blir tileigna undervegs. Målet med podkasten er å redusere stigma og fordommar mot rusmiddelavhengige, ved å la deg som lyttar bli kjendt med menneska bak rusen. Innehaldet i podkasten vil variere ut i frå kven det er som er i studio, deira interesser, opplevingar og historier!