Bibelpoden
Bibelpoden
Jens Thoresen
Her finn du bibelrefleksjonar, talar og betraktningar.
Kven er Jesus?
Jesus er veldig Gud, evig Far, Fredsfyste, den førstefødde av dei døde, Guds ord, Livsens brød, Guds offerlam, Guds Son, Menneskesonen, verdas lys osv.osv. Historias mest unike person, det er det ingen tvil om. Og det store er, all sin personlege rikdom deler han med alle som vil ta imot.
Nov 19, 2023
22 min
Salme 119,149-152
Guds lover er livgjevande på den måten at når me lever etter dei, aukar me sjansane våre til å leva gode liv, og ikkje minst at me vil garantert gjera livet betre for andre.
Nov 13, 2023
6 min
Jødiske høgtider i kristent perspektiv
Svanhild Jakobsen går gjennom dei store høgtidene i jødedommen, og dreg linjer fram til evangeliet om Jesus og det kristne livet. Drivande interessant.
Nov 6, 2023
56 min
Sjå, eg gjer noko nytt. Tale i Zoar 29. oktober
I Kristus kom Gud som menneske. Det var nytt. Då Jesus døydde, vart syndene våre tekne bort for evig, det var nytt, då han stod opp att, var døden for overvunnen for alle, det var nytt, i den gamle pakt var Guds rike avgrensa til Israels folk, no var alle velkomen inn, det var nytt, og på pinsedag kom Anden og grunnla kyrkjelyden som eit splittert nytt fellesskap, og tok han bustad i kvar enkelt kristen og gjorde alle ting nye i og for Jesu vener.
Oct 30, 2023
39 min
Salme 119,145-148
Å ta vare på Herrens forskrifter er ikkje berre å forfekta dei, men å leva etter dei av eit villig hjarta.
Oct 24, 2023
5 min
Di rettferd er alltid rett
Sanninga og rettferda er objektiv. Det er ingenting som heiter mi sanning eller di sanning. Me kan ha ulike meiningar, men Sanninga er heva høgt over alle meiningar som folk har. Det handlar for den enkelte av oss å koma så nær sanninga som mogeleg når me formar meiningane våre, og Sanninga finn me i Bibelen.
Oct 17, 2023
6 min
Herrens ord er meir verdfullt enn det reinaste gull
Kva er det som gjer Guds ord så verdfullt? Det er den krafta det har til å frelsa menneske frå synd, skuld og skam, formidla liv frå Gud og løfta folk ut frå vondskapens maktområde.
Oct 14, 2023
8 min
Gjer mine steg faste
Livet er ei vandring, og målet er himmelen, og skal me nå fram må me følgja Jesus resolutt, og ikkje tillata urett å få makt over oss
Oct 12, 2023
6 min
Rikdomen som me har fått til forvaltning
Fordi Jesus og hans frelse har ein så høg verdi, også bodskapen som bringer oss inn i fellesskapet den største av alle skattar. Denne rikdomen kom til oss utan at me hadde bestilt han, og har me teke imot han, er det vårt kall å dela han med våre medmenneske. Det er slik Guds rike breier seg ut over i verda.
Oct 10, 2023
28 min
Apostelen Peter del 2
Alv Magnus talar her om kven Peter var i utgangspunktet, og kva Jesus fekk gjort han til. Om oppturar og nedturar i Peters liv. Om korleis han reiste seg og vart ein kristen leiar av enormt format.
Sep 10, 2023
56 min
Load more