Litteratursymposiet i Odda
Litteratursymposiet i Odda
Litteratursymposiet i Odda
Littsympodkast er Litteratursymposiet i Odda sin eigen podkast. Litteratursymposiet i Oddaer eit årleg litterært gilde dei siste 5 dagane i veke 41. Velkomen skal du vera!
HJELP - Forfattar les deg i svevn
Treng du hjelp til å sove betre? Flaks for deg at forfattar Eivind Hofstad Evjemo sitt med boka si "Det siste du skal se er et ansikt av kjærlighet" i fonget, og har tatt fram den mjuke kveldsrøysta for å lese deg inn i svevnen og ut i ei verd av drøymer.
Oct 15, 2016
29 min
HJELP - Born anbefaler bøker
Er du eit born og lurer på kva du skal lese? Då er det berre å trykke på play, så kan du høyre kva for bøker andre born anbefaler deg å låne på biblioteket.
Oct 15, 2016
5 min
HJELP - Sjølhjelpsforfattar hjelper podkastmakar opp på beina att
Det er på tide å krype til korset. Podkastmakar Tine Eide held på å bli desillusjonert og bitter. Ho treng hjelp. Heldigvis finst sjølvhjelpsforfattar Heidi Torkildson Ryste, som kan hjelpe kven som helst til å hjelpe seg sjølv.
Oct 15, 2016
13 min
HJELP - Sparebanken Vest les dikt av Jon Hjørnevik
Sparebanken Vest sponsar Litteratursymposiet. Men ikkje berre har dei skilling. Dei har også ein favorittdiktar. No har dei samla seg på møterommet for å gi deg dei beste dikta av Hjørnevik.
Oct 14, 2016
8 min
HJELP - Ein filosof pratar om hjelp
Kvifor er det så vanskeleg å dele av godane sine? Og kva er det som gjer at dei som har minst hjelp mest? Godt at filosof Øyvind Kvalnes eksisterar og kan fortelje om det eine og det andre ein kan lure på om hjelp.
Oct 14, 2016
12 min
HJELP - Folk i Folkebadet pratar om hjelp
Kvifor er det så godt å hjelpe, men så vanskeleg å spørje om hjelp? Tankar og folk flyt i Folkebadet.
Oct 14, 2016
9 min
HJELP - Upubliserte forfattarar les upublisert tekst
Upubliserte forfattarar frå Skrivekunstakademiet i Bergen les tekstane sine rett inn i øyra dine. Berre trykk på start.
Oct 13, 2016
11 min
HJELP - Folk på Bokko-tunet anbefaler bøker
Treng du eit boktips? Fortvil ikkje, for folk på Bokko-tunet står deg bi og tipsar deg om bok, blogg og sjanger.
Oct 13, 2016
3 min
HJELP - Ungdom anbefaler bøker
Treng du gode lesetips? Fortvil ikkje, undommane i Odda hjelper deg.
Oct 13, 2016
3 min
HJELP - Hans Kristen Hyrve og den flørtete selvfølelsen
HJELP! Kvardagane til Hans Kristen Hyrve er fulle av lyd. Mykje lyd. På radio, i podkast eller for teater. Men når han legg frå seg dagsverket drøymer han om å vera sjølvsikrare og ha glimt i auget. Flaks for Hans Kristen at hjelpa er nær og at podkastmakar Tine Eide veit råd. Mange råd. Vil du møte lydkunstnaren og høyre han live, finn du Hans Kristen Hyrve på Litteratursymposiet i Odda 12.-16. oktober.
Oct 7, 2016
29 min
Load more