Kort fortalt
Kort fortalt
Nettskulen.no
Idéar, fagkunnskap, verdiar, fenomen og teoriar. Kort fortalt.
Grenser og samtykke
Alle menneske har rett til å sjølv bestemma om ein vil vera seksuelt aktiv, og kven ein vil ha seksuelle opplevingar saman med. Det er viktig at du kjenner dine eigne grenser, og at du berre gjev samtykke til sex når du sjølv har lyst til det.
Mar 5, 2021
7 min
Sex
Det er godt å ha sex, men den første gongen kan det vera både spanande og skremmande. Jenter kan lura på om det vil gjera vondt, og gutar kan vera spente på kor lenge ereksjonen vil vara. Det aller viktigaste er likevel at sex skal vera godt og frivillig, og at det skjer i trygge rammer saman med nokon du stoler på.
Feb 26, 2021
9 min
Porno
Mange bruker porno når dei onanerer eller har sex, eller som inspirasjon til eige sexliv. Porno er bilete, tekstar eller filmar med eit seksuelt innhald, og målet er at du som ser eller les dette skal bli kåt. Vanlegvis viser porno sex mellom vaksne menneske, ofte med fokus på kjønnsorgana, men det finst òg ulovleg porno.
Feb 19, 2021
7 min
Onani
Onani handlar om å stimulera sine eigne kjønnsorgan, og blir ofte kalla masturbering, runking eller fingring. Når du onanerer, blir du kjent med kva som er deilig for deg, kor det er godt å ta på deg sjølv og kva måte som fungerer best. Dette er ein flott måte å bli kjent med kroppen og underlivet sitt på – både korleis ein ser ut, og korleis ein fungerer.
Feb 12, 2021
8 min
Kroppspress
Ungdata-undersøkinga viser at 7 av 10 ungdommar opplever press om å sjå bra ut eller å ha ein fin kropp, og mange unge opplever at kroppspresset blir ei utfordring i kvardagen. Særleg i ungdomsåra, når kroppen er i stadig forandring og ein prøver å «finna seg sjølv», kan det vera vanskeleg å akseptera sin eigen kropp. Og det blir ikkje betre når media og populærkulturen framstiller éin bestemt kroppstype som «idealkroppen».
Feb 5, 2021
6 min
Pupper
Frå gammalt av har kvinnene brukt brystene sine til éi oppgåve: Å gje morsmjølk med livsviktige næringsstoff til spedbarnet sitt. I nyare tid, og særleg i vestlege kulturar, har brystene – eller puppene – blitt stadig meir seksualisert.
Oct 2, 2020
4 min
Mensen
Eit av dei sikre teikna på at ei jente har kome i puberteten, er at ho begynner å menstruera. Kvar månad vil det koma blod ut av skjeden, så lenge ho er i stand til å laga barn. Og det er dette som blir kalla mensen.
Sep 25, 2020
6 min
Vulva (jentetissen)
Vulva er det vitskaplege namnet på dei ytre kjønnsorgana til jenter og kvinner. Dei delene som ein ofte kan sjå, er dei indre og ytre kjønnsleppene, klitoris og skjeden. Alle vulvaer er ulike, og det er stor variasjon i korleis jentetissen ser ut.
Sep 18, 2020
5 min
Penis (guttetissen)
Penis er det vitskaplege namnet på det ytre kjønnsorganet til guttar og menn. Dei delene som ein ser på utsida av kroppen, er penis og skrotum (pungen). Alle penisar er ulike, og det er stor variasjon i korleis guttetissen ser ut.
Sep 10, 2020
7 min
Puberteten
Du merkar det sannsynlegvis ikkje når kjønnshormona dine blir sendt rundt i kroppen, men du vil garantert merka at du får tjukkare og synlegare hår på leggar, armar, armhuler og kjønnsorgan, og beina veks slik at du oftare må kjøpa nye sko og klede. Du svettar meir, og byrjar å merka humørsvingingar, og etter kvart blir stemmen mørkare. Gratulerer, du har kome i puberteten!
Sep 4, 2020
5 min
Load more