
Eit arrbrokk er når noko fra innsida av magen (oftast tarm eller feitt) pressar seg ut eit svakt punkt i bukveggen der ein tidlegare har hatt eit operasjonssår (arr): Det kan oppstå etter fleire typar kirurgiske inngrep, ikke berre dei karkirurgiske. Brokk-kirurg Lisa Drange Hole lærar oss om korleis desse oppstår, kvifor, og kva som er behandlinga. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Apr 7
45 min

Enkelte pasientar med perifer arteriesjukdom - eller røykebein om du vil - opplever at dei blir nummen i beina, får ein følelse av å gå på puter, eller at dei ikkje heilt kjenner underlaget. Dette kan vere teikn på polynevropati og skade på nervane i beina. Professor i nevrologi og ekspert på polynevropati Christian Vedeler har tatt turen i studio for å opplyse oss! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Sep 12, 2025
28 min

Pasient Petrus fortel si historie og sin veg til å kunne gå igjen. Vi har óg med oss to ekspertar frå rehabiliteringsklinikken Nordås, og vi får høyre om korleis det tverrfaglige teamet jobbar rundt pasienten som har mista beinet. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Aug 8, 2025
56 min

Lars Henrik Østevold er sjef i eit ortopedisk firma. Han fortel oss om kva slags ulike proteser som finnes, korleis dei jobber i saman med pasienten og teamet rundt om å få ein best mogeleg protese. Kva skal til for at den som har mista beinet sitt kan kome seg opp og gå igjen? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Jun 20, 2025
28 min

Kva kan føre til at ein pasient med karsjukdom mister eit bein? Kva for tanker gjer kirurgen seg før ei slik avgjerdsle blir tatt? Vi har snakka med karkirurgi Evind Osen om dette, og om korleis inngrepet går føre seg. Kva kan pasienten vente seg i dagane som kjem etter ein amputasjon av eit bein? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Jun 13, 2025
40 min

I denne episoden får du høyre Karpoddens egen ekspert, karkirurgi Espen Gubberud skildre korleis dei behandlar blodpropp i beina. Kva er symptom og risikofaktorar og når kan det være skikkeleg alvorleg å få ein utbreidd blodpropp som må behandles raskt og med avanserte metodar. Kva er flegmasia cerulea dolens og kva er venøs claudicatio? Vi gir deg ny innsikt! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Oct 25, 2024
31 min

Om du har karsykdom eller ønsker å spise slik som er tilrådd for å forebygge hjerte-karsykdom så bør du høre på dette. Professor Lars Fadnes er vår gjest. Han har forska på effekt av ulike matvaregrupper på hjerte-karsykdom, og korleis ein ved å byte ut skadelege matvarer med andre kan forlenge livet. Om ein gjer endringar i kostholdet ved slike bytte kan ein påverke helsa si positivt både generelt og hjerte-kar-helsa spesielt. Veit du for eksempel kva slags effekt nøtter har på helsa di? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Jul 23, 2024
34 min

Kva kan du vente deg om du vert innlagd på ei karkirurgisk avdeling? Vi får kjennskap til livet på sengeposten gjennom sjukepleier Helena Økland sine levande forteljingar. Om kva som er utfordrande, kva som gjer arbeidet meiningsfylt og dei gode dagane. Om du er sjukepleier: Bli inspirert :) Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
May 31, 2024
44 min

I denne episoden har vi besøk av Eirik Dalheim, som har Raynaud. Han fortel om kva for symptom han opplever, og korleis han har tilpassa livet sitt så han lev godt med likfingrane sine. Karkirurg Einar Andrè Brevik forklarar sjukdomsmekanismen og kva for behandlingstilbud som fins. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Apr 30, 2024
28 min

Pasienten vi har besøk av i denne episoden fortel om dei dramatiske dagane då han fekk beskjed om at hovudpulsåra var i ferd med å sprekke. I all hast blei han operert - mens vi tilfeldigvis var til stades og observerte det heile frå utsida. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Dec 19, 2023
28 min
Load more
