
Finn fram kart og kompass for her blir det geografitime! Martin og Aleksander prøver å lose oss trygt gjennom dette berykta kapittelet som tar for seg alle dei viktige plassane i Midgard, og prøver å gi eit overblikk over alt som skjer. Det blir bra!
May 23, 2025
48 min

Andre del av kapittelet. Noldoane lagar seg mektige riker rundt Beleriand, Fingolfin sine sønner drøymer om sterke festningar og Morgoth sender ut den fyrste av sine Urulóki. Det blir mildt sagt megaspanande!
May 16, 2025
52 min

Fëanor stormer på inn i Midgard og frykter ingen! Fingolfin kjem med resten av noldoane og dei store krigane mot Morgoth begynner. Som Aleksander pleier å sei; Nå begynner det virkelig her!!
May 9, 2025
55 min

Idet sola står opp så våkner òg Ilúvatars yngre barn i Midgard. Me går gjennom dette korte kapittelet og funderer litt rundt eit lyttarspørsmål om kva som er forskjellar på alvar og menneske sin natur. Og det store Midgardsmesterskapet dundrer på vidare!
May 2, 2025
52 min

Me hadde litt meir på hjarte frå forrige episode så her kjem det litt til om mannen i månen og Aleks får trent på diktlesing!
Apr 30, 2025
18 min

Valaane prøver å gi ei hjelpande hand til dei frie folk i Midgard og skapar sola og månen for å ødelegge for Morgoth og klargjere Midgard for menneska som skal koma.
Apr 25, 2025
53 min

Me flytter blikket frå Valinor og over til Midgard og ser kva som har skjedd der i det siste. Thingol og Melian styrer skuta, men Morgoth setter igang med sine onde planar om å legge Midgard i totalt mørke.
Apr 18, 2025
56 min

Me går gjennom siste halvdel av kapittelet når noldoane setter avgårde mot Midgard. Fëanor blir på sitt verste og alt går åt skogen! Men me misser ikkje motet av den grunn!
Apr 11, 2025
57 min

Del 1 av 2 på dette kapittelet. Fëanor oppildner noldofolket til å reise til Midgard og hevne seg på Morgoth, og saman med sønene sine sverger han ein forferdelig ed som blir starten på ei rekke ulykkelege hendingar. Men me holder motet oppe!
Apr 4, 2025
53 min

Melkor finner seg ein ny leikekamerat, men ser fort at den nye kompanjongen ikkje lar seg styre. Det blir slutten på den vakre tida i Valinor og startskuddet for ei lang rekke dystre hendelsar.Men me misser ikkje motet!
Mar 28, 2025
43 min
Load more
