
Kven var Olav Duun – og kvifor er han framleis ein av dei viktigaste forfattarane i norsk litteratur? I denne episoden av Bakteppet ser vi nærare på livet og forfattarskapen til Olav Duun, ei av dei store stemmene i nynorsk litteratur. Vi utforskar korleis oppveksten på Jøa i Namdalen forma språket, menneskesynet og forteljingane hans, og kvifor romanar som Medmenneske framleis treffer lesarar og publikum i dag. Gjennom refleksjonar frå fagmiljø ser vi på Duun som språkfornyar, som etikar og som skildrar av menneske i konflikt med seg sjølve og fellesskapet rundt seg. Episoden set òg Duun inn i ein større historisk og litterær samanheng – og spør kvifor han framleis blir lesen, spela og diskutert. Episoden er produsert av Siri Løkholm Ramberg, Inger Johanne Sæterbakk og Ole Herman Andersen for Det Norske Teatret. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Feb 6
12 min

Medmenneske er ein roman av Olav Duun, lesen av Magne Olav Brevik.Lydboka er produsert av Aschehoug, og blir publisert i samarbeid med Det Norske Teatret.Lydboka er tilgjengeleg i ein avgrensa periode, og er ein del av markeringa av det er 150-år sidan Olav Duun blei fødd – og vi håpar du vil feire med oss! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Jan 9
3 hr 20 min

Medmenneske er ein roman av Olav Duun, lesen av Magne Olav Brevik.Lydboka er produsert av Aschehoug, og blir publisert i samarbeid med Det Norske Teatret.Lydboka er tilgjengeleg i ein avgrensa periode, og er ein del av markeringa av det er 150-år sidan Olav Duun blei fødd – og vi håpar du vil feire med oss! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Jan 9
4 hr 18 min

Denne våren har ein heilt ny skodespelar hovudrolla på Det Norske Teatret. Ein skodespelar/medkreatør utvikla i eit samarbeid mellom ETC, NetNordic og Det Norske Teatret. Korleis påverkar det ein teaterproduksjon å jobbe så tett med kunstig intelligens og kan kunstig intelligens vere ein kunstnar – eller er den berre eit verktøy? Vi har snakka med regissør Peer Perez Øyan, dramaturg Anders Hasmo, skodespelar Ane Dahl Torp og KI-konsulent Pål Mørk Hansen om kva for tankar dei har etter å ha jobba med KI over lang tid for å utvikle framsyninga Prosessen mot menneska! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Mar 29, 2025
14 min

Kva er greia med video i teateret? Kvifor har Kjersti Horn, saman med videoregissør Mads Sjøgård Pettersen, brukt dette grepet i framsyningar som Raskolnikov, Kristin Lavransdotter, Einkvan og no Hedda Gabler? Er det eigentleg eit nytt og moderne grep? Og kvifor er det så elska og hata? Vi har prøvd å finne svara du lurer på i denne episoden av Bakteppet! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Sep 10, 2024
13 min

Ei langbeint blondine og ei lita brunette. Marlene Dietrich og Édith Piaf hadde krutsterk karakter, høge ambisjonar, absurd arbeidsmoral og nulltoleranse for å svelge kamelar. Det er desse to framsyninga Sporv og engel handlar om. Jazzsongar, cabaretartist og låtskrivar Hilde Louise Asbjørnsen har vigd store mengder av livet til å dykke ned i livet og musikken til damer som Édith og Marlene, og no delar ho litt av det ho veit om nett desse to, til dykk! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
May 26, 2023
10 min

Kva handlar eigentleg Romeo og Julie om? Kvifor har dette over 500 år gamle stykket framleis ein slik eineståande plass i teateret? Og kvifor blir no hovudrollene som dei to ungdomane spelt av skodespelarar som nærmar seg pensjonsalderen? I denne episoden kan du få svar på dette - og meir til. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Mar 29, 2023
16 min

15. september 2008 gjekk den amerikanske storbanken Lehman Brothers over ende. Dette er historia om den til då største konkursen i USA si historie. Fortalt og skrive av Einar Lie. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Jun 29, 2021
9 min

av Frode Grytten, frå «Garasjeland», Forlaget Oktober (2020).Fortalt av Ingrid Jørgensen Dragland Regissør: Siri Løkholm RambergI Dekameronen 2021 tek vi utgangspunkt i Giovanni Boccaccio si rammeforteljing frå 1300-talet, der 10 ungdommar har rømt frå byen og isolerer seg i ein villa på landet for å verne seg mot pesten. For å få tida til å gå fortel dei kvarandre historier.Ti av skodespelarane på Det Norske Teatret fortel ei historie kvar, over ti dagar. Det er ei røyndomsflukt og tidtrøyte, med morosame, alvorlege og gode forteljingar. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Apr 30, 2021
47 min

av Nils Henrik Smith, Kagge (2020). Fortalt av Kristoffer OlsenRegissør: Anders HasmoI Dekameronen 2021 tek vi utgangspunkt i Giovanni Boccaccio si rammeforteljing frå 1300-talet, der 10 ungdommar har rømt frå byen og isolerer seg i ein villa på landet for å verne seg mot pesten. For å få tida til å gå fortel dei kvarandre historier.Ti av skodespelarane på Det Norske Teatret fortel ei historie kvar, over ti dagar. Det er ei røyndomsflukt og tidtrøyte, med morosame, alvorlege og gode forteljingar. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Apr 29, 2021
11 min
Load more
