DAG OG TID podkast
DAG OG TID podkast
dagogtid
Podkasten til vekeavisa DAG OG TID. Kvar veke snakkar vi med ein gjest om ein utvald artikkel frå avisa.
DAG OG TID lydavis: Det militante demokratiet vaknar i USA
Trass i dei alvorlege skuldingane er Trump framleis den mest populære presidentkandidaten hos republikanarane. I midten av august dukka det opp eit juridisk skjer i sjøen som kan snu opp ned på alt for Trump. Lytt til kommentaren «Det militante demokratiet vaknar i USA» i denne vekas podkastepisode.Kvar veke les me inn eit utval artiklar som abonnentane våre kan lytte til. Vil du og prøve? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov.
Sep 1, 2023
10 min
Melkøya og elektrifisering som klimatiltak
Regjeringa har bestemt at Equinor-anlegget Hammerfest LNG skal elektrifiserast frå land. Det vil kutte 850.000 tonn i årlege CO2-utslepp frå gassturbinane på øya. Kva ligg bak denne avgjerda og er det eit godt klimatiltak? Bård Lahn er gjest. Han har forska på norsk og internasjonal klimapolitikk, ressursforvaltning og oljepolitikk. Kva meiner han om elektrifisering som klimatiltak? Og kjem me til å nå klimamåla for 2030?
Aug 26, 2023
32 min
DAG OG TID lydavis: Eit nytt Midtausten
Opp frå krigsruinane stig ein anna Midtausten enn det vi kjenner. Du skal denne veka få høyre ein kommentar av Cecilie Hellestveit. Kvar veke les me inn eit utval artiklar til lydavisa vår. Vil du lytte til fleire? Ting eit gratis prøveabonnement med automatisk stopp på dagogtid.no/prov.DAG OG TID podkasten tar sommarferie og er tilbake i august.
Jul 14, 2023
15 min
Siri Helle om mat, praktisk arbeid og distriktspolitikk.
Siri Helle er fast skribent i Dag og Tid, agronom, snikkar, forfattar og mykje meir. Har ho funne sitt ideelle liv? Og kan ein vere rastlaus og likevel slå seg ned med hus, mann og åker? I denne episoden blir du betre kjent med Siri. Me er innom tema som matproduksjon, praktisk arbeid og distriktspolitikk.
Jun 30, 2023
29 min
DAG OG TID lydavis: Den som kviskrar på torget
Dersom alle mistenkjer motstandarane for å vera løgnarar og kjeltringer, blir det ikkje noko fellesskap av semja, det blir borkarkrig, skriv Jan Inge Sørbø. Høyr heile kommentaren hans på lyd i podkastkanalen vår denne veka. Me les inn eit utval artiklar kvar veke, og er du nysgjerrig på lydavisa vår eller kva DAG OG TID skriv om, ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov.
Jun 16, 2023
7 min
Kva skjer i Sudan?
Gunnar M. Sørbø er sosialantropolog og tidlegare direktør ved Chr. Michelsens Institutt. I denne episoden fortel han om interessa si for Sudan, bakgrunnen for den pågåande konflikten og kva konsekvensar han kan få. Kvifor er det som skjer i Sudan så viktig for området rundt?Sørbø vart intervjua i Dag og Tid 28. april, les artikkelen her. Er du nysgjerrig på Dag og Tid? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov. Abonnementet stoppar automatisk etter tre veker.
Jun 9, 2023
39 min
DAG OG TID lydavis: Festspillene i Bergen
Kvar veke les me inn eit utval artiklar til lydavisa vår. Denne veka høyrer du Sjur Haga Bringeland lese frå Festspillene i Bergen.Ønskjer du å høyre fleire artiklar på lyd? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov.
Jun 2, 2023
5 min
DAG OG TID lydavis: Eit anna menneske
Kvar veke les me inn eit utval artiklar til lydavisa vår. Denne veka får du høyre Frank Tønnesen lese spalta «Kunngjeringar». Ønskjer du å høyre fleire artiklar på lyd? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov.
May 26, 2023
5 min
Magnus Håkenstad om forsvar og beredskap i Noreg
Førre veke la Forsvarskommisjonen fram si innstilling og kommisjonen slår alarm: «Det er behov for en omfattende satsing på sikkerhet, forsvar og beredskap.» Dei vil doble forsvarsbudsjettet frå 76 milliardar til 146 milliardar over ein tiårsperiode. Magnus Håkenstad er gjest denne veka og fortel om innstillinga til kommisjonen. Han er forskar ved Institutt for forsvarsstudier og har arbeidd med tema som langtidsplanlegging i forsvarssektoren, det nye totalforsvaret og forsvarsomstilling. Dag og Tid har skrive om beredskap tidlegare. Les «Det førebudde Finland» om finsk beredskap og intervjuet med Håkenstad «–Forsvaret verkar ikkje» på dagogtid.no.Er du ny lyttar og nysgjerrig på Dag og Tid? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov. Då får du avisa i tre veker. Abonnementet stoppar automatisk.
May 12, 2023
34 min
Sverre Tusvik om Hauge-dagbøkene
Olav H. Hauge skreiv dagbok i 70 år, frå 1924 til 1994. Nokre år seinare vart bøkene gitt ut på Samlaget. Etter avtale med Bodil Cappelen og Samlaget trykker Dag og Tid no utdrag frå dagbøkene. Tidlegare redaktør i Samlaget, Sverre Tusvik, er gjest i podkasten vår denne veka og fortel om Olav H. Hauge. Kva er det som gjer dagbøkene hans så unike?
May 4, 2023
28 min
Load more