
Ho har ikkje vore spesielt oppteken av krigen, og ho er ikkje spesielt glad i fantasy-sjangeren heller. Men då ho kombinerte desse to, fekk ho til å skrive sin første roman. Etter seks bøker er Ingunn Røyset likevel ikkje sikker på om ho skal kalle seg ein forfattar.
Apr 30, 2024
50 min

Ho har gitt ut over 50 bøker, har fått omtrent alle litterære prisar som finst, er heidersmedlem i Samlaget og har fått æra av å vere festspelforfattar heile tre gonger. Møt Erna Osland i podkasten Bakom boka.
Mar 11, 2024
51 min

Drakeholer, ei mystisk rune-tatovering, sjøormar, feer, spøkelse, nye og gamle gudar, teknologi ingen nolevande har sett, og ein magisk vind frå nord. Alt dette finn du i bøkene til Asbjørn Rydland. Møt han i podkasten Bakom boka.
Feb 13, 2024
50 min

Forfattar Ingunn Thon går til kamp mot perfeksjon. Og ho meiner me bør endre innhaldet i ordet «barnsleg».
Jan 18, 2024
43 min

Han syng og spelar gitar, teiknar og skriv, reiser rundt og underheld barn, og innimellom er han også innom lærarjobben sin. Vegard Markhus er forfattar og illustratør, med ein tydeleg strek og ein særprega absurd humor.
Nov 20, 2023
40 min

Hovudpersonane hennar står på ulike måtar utanfor. Sunniva Relling Berg har skrive fleire bøker om smarte jenter som slit sosialt.
Ho har gitt ut ei barnebok, to ungdomsromanar og ein vaksenroman. Barneboka skil seg ut ved å vere ei lettlesen bok om to søsken som er nye i landet. Dei tre andre bøkene har nokre tydelege fellesnemnarar: Hovudpersonane er jenter som slit med sosiale relasjonar, og minst to av dei tre har uvanlege evner (innanfor realfag og musikk).
Oct 24, 2023
37 min

Det skumlaste Arnfinn Kolerud veit, er 14 år gamle jenter. Forfattaren har skrive bøker for barn, ungdom og vaksne. Møt han i samtale med Heidi Fagna.
Sep 29, 2023
53 min

Maria Parr gir ut sin fjerde roman for barn: Oskar og eg. Her kan du høyre ho lese frå den nye boka. Ho snakkar også om dei tidlegare suksessane Vaffelhjarte, Tonje Glimmerdal og Keeperen og havet, om Astrid Lindgren og om livet som jordnær litteraturstjerne.
Aug 15, 2023
59 min

Kari Stai er mor til Jakob og Neikob. Sjølv er ho Tjakob by Nynorsksenteret
May 23, 2023
55 min

«Humor og action» er mottoet for forfattarskapen til Terje Torkildsen. Han seier han har besøkt meir enn 90 % av ungdomsskulane mellom Arendal og Ålesund, og han er storleg imponert over formidlingsarbeidet til norske lærarar.
Apr 27, 2023
56 min
Load more
