NIH-podden
NIH-podden
Norges idrettshøgskole
«Du må kjenne at du høyrer til» – Paraidrett, inkludering og Team Pølsa-effekten med Vilde Nilsen og forskar Linn Engdahl-Høgåsen
39 minutes Posted Jun 10, 2025 at 1:00 pm.
0:00
39:11
Download MP3
Show notes
Parautøvar Vilde Nilsen var redd draumen om å bli som Marit Bjørgen var knust da ho fekk ein sjeldan bindevevsjukdom som åtteåring.
I NIH-podden deler ho si sterke historie – frå stor langrennsglede som barn, via sjukdom og motgang, til å ta VM-gull saman med funksjonsfriske i Granåsen i vinter.
Du får også høyre frå stipendiat Linn Engdahl-Høgåsen, som tar NIHs fyrste doktorgrad om paraidrett.
Kva skal til for å inkludere fleire barn og unge med funksjonsnedsetjingar i idretten?
Korleis kan trenarar, leiarar og foreldre legge betre til rette?
Dette er ei inspirerande og lærerik episode for alle som jobbar med idrett, inkludering og folkehelse – og for alle som vil bidra til at fleire får kjenne på meistring og idrettsglede.